torsdag 4. desember 2014

Å skrive medan eg les Innsirkling



Får eg ikkje til. Normalt fløymer eg over av skrivelyst og blir heiltend av å lese det andre har skrive. Anten fordi eg ikkje tykkjer det er så bra som kanskje mange vil ha det til, og eg tenkjer eg kanskje kan gjere det betre sjølv, eller (stort sett) (eg les helst ikkje slikt eg mistenkjer ikkje er noko særleg) fordi det eg les er så godt at det nesten krev at eg prøver sjølv. Å streve etter å nå noko som kan likne på eit eller anna vis, kanskje nærme seg.

Carl Frode Tillers trilogi er for bra. Språket, forteljinga, korleis det heile heng saman, formidlinga av oss som menneske. Kva er det vi driv med eigentleg? I eit intervju i Aftenposten spør Finn Skårderud Tiller: Hvordan vet du alt dette om meg?

Eg kunne ha spurt om det same sjølv.

Å lese Innsirkling verkar på meg som ein fyr som kom joggande til cellegiftbehandling, det får meg til å kjenne på slikt eg ikkje veit om eg er i stand til.  

2 kommentarer:

  1. Enig. Jeg har forøvrig sjelden vært så indignert over personer i et fiktivt univers som da jeg leste trilogien. Et sikkert tegn på at det finnes en slags gjenkjennelse der...

    SvarSlett