onsdag 29. oktober 2014

Vigdis Hjorth

Av og til får eg lyst til å sende e-post til Vigdis Hjorth og fortelje henne kor utruleg flink ho er til å skrive. (Og kor morosam, pen og kul ho verkar også). Eg har aldri gjort det for eg går utifrå at ho er klar over det sjølv. Og at ho får ein del e-post.


I år har eg blant anna lese Leve posthornet! (først) og Drama med Hilde (etterpå). Heile 25 år skil dei to bøkene, og då eg las Drama med Hilde vart eg imponert over kor sikker Vigdis Hjorth er i språket sitt så tidleg i forfattarskapen. Kor morosam ho er. Nesten spydig. Det likar eg. Kanskje er det teit å tenkje slik, kanskje nedvurderer eg forfattaren, men det var no det eg tenkte i alle fall. Ja, eg ser at språket har utvikla seg, eg får ei kjensle av at Leve posthornet! har større ambisjonar på eigne vegne og tek laust i og med større bokstavar. Det er kanskje like teit å få ei kjensle av at den eine har større ambisjonar enn den andre, for eg tvilar ikkje på at Vigdis Hjorth hadde ambisjonar i 1987 også, hadde ho ikkje hatt det hadde ho ikkje skrive så mange gode romanar. Det er vel kanskje akkurat det at når ein har skrive så mykje og så godt som Vigdis Hjorth så må ein rett og slett kline til.

Dette er altså ikkje ei analyse av ein roman av Vigdis Hjorth eller forfattarskapen hennar, men rett og slett eit uttrykk for begeistring. Eg er over middels begeistra for Vigdis Hjorth! Og eg gler meg til å lese Et norsk hus.

Då har eg slått fast at Vigdis Hjorth er skikkeleg god til å skrive, morosam, pen og kul. Ikkje nok med det, ho er klok også. Sjå berre her!


6 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg sletta innlegget fordi eg oppdaga ein skrivefeil, men her kjem det på nytt: Heilt einig! Eg har lese veldig mykje av Hjorth, og likar sjølvsagt alle bøkene. Favorittane mine er nok Hjulskift og 30 dager i Sandefjord. Men det må seiast at eg ikkje er så altfor begeistra over nokre av dei (mellom anna Fransk åpning). Eg held på med Et norsk hus no, og likar boka kjempegodt (sjølvsagt). Og ein annan ting; Du er også morosam, pen og kul. ps. Eg greier ikkje å få til kursiv og slikt fancy når eg skriv kommentar.

    SvarSlett
  3. Har du lese Om bare også? Den står nest på lista mi etter Et norsk hus.

    PS. Då eg først posta innlegget hadde eg skrive etternamnet hennar feil. Gjennomgåande. Hjort. Eg berre eeelskar Vigdis Hjort, as, men eg kan ikkje stave namnet hennar.

    SvarSlett
  4. Eg har lese Om bare ja. Good bok! Trur det og er ein av favorittane.

    SvarSlett
  5. Kan ikkje du lese og blogge om "Undis Brekke" og/eller ei av Aina Basso sine? Gjerne "Finne ly". Det hadde vore interessant å sjå kva du meiner om desse bøkene.

    SvarSlett
  6. "Undis Brekke" står på leselista mi, så det vil eg gjerne. Takk for tips! Eg likte godt "Vente, blinke...", så eg trur dette blir stas. Kva tykte du sjølv?

    SvarSlett