Alle utlendinger har lukka gardiner
av Maria
Navarro Skaranger
Eg kan
ikkje anna enn å gratulere Maria Navarro Skaranger med ei aldeles nydeleg bok.
Alle utlendinger har lukka gardiner blir gjerne samanlikna med Ett öga rött av Jonas Hassen Khemiri frå 2003, ein roman eg kjenner frå eit emne eg tok på Blindern, men berre har lese utdrag frå. Den gong då tenkte eg at eg skulle lese heile så snart eg fekk tid, men det har eg heilt gløymt. Eg tenkjer det hadde vore stas om Alle utlendinger har lukka gardiner også kunne bli film, alt etter kven som lagar han sjølvsagt. Eg vil jo at det skal bli ein bra ein. Og så eit lite tips til landets ungdommar: Om ein framleis driv og skriv særemne i norsken på vidaregåande, er desse to bøkene og til dømes tema som språk, identitet, ungdomstid og tilhøyre, meir enn passande.
Det gjekk frykteleg fort å kome gjennom denne romanen, for kvar gong eg hadde lese eit av dei korte kapitla, små historier som ikkje nødvendigvis heng saman med det førre, sjølv om alt heng saman likevel, måtte eg berre lese eit til. Og eit til. Og eit til. Og brått er det ikkje meir bok.
Dette er jo på svært mange måtar langt unna min eigen oppvekst, eg er 39 år og var ungdom på bygda blant Volvoar, heimelaga øl og kjeledressar. Likevel, å vere fjorten og forelska er jo ikkje mindre enn noko dei aller fleste opplever. Alle har vel ein gjeng på hjørnet ein er redd for, alle har lyst til å passe inn, ein eller annan stad på ein eller annan måte. Heldigvis har ikkje alle ein bror i fengsel, men alle familier har vel eit eller anna ved seg som ikkje er heilt som det skal. Det er universelt.
Dette, humoren og språket, er det som gjer ho i høgste grad lesverdig for meg. Det er ikkje lånorda som stikk seg mest ut, eg skjønar kva wollah og la tyder (og eg spurte niesene mine kva ein pænsjått er, lageda derimot, har eg ikkje funne ut av), men ordstillinga. Sjølv om orda ganske ofte er plassert heilt feil, er det overraskande lett å bli van til det, det går heilt greitt, ein må berre finne rytma. Og rytma er super og passar forteljaren på ein prikk. Tenk deg at ein intelligent Vicky Pollard skal fortelje deg kva som har skjedd sidan sist. Elles må eg jo seie at eg sjølv nokre gongar har observert litt rar ordstilling hjå meg sjølv også, og i dei tilfella trur eg skriftspråket mitt er influert av dialekta mi. No er jo ikkje irriterande feilplasserte ord akkurat eit litterært grep når eg skriv noko, så dermed må eg skjerpe meg, medan Navarro Skaranger er så heldig at ho slepp å skjerpe seg. Eg vil gå så langt å seie at dette er så bra at ho må akkurat det motsette.
Og så er det så mykje moro her, for eksempel:
Først vi spiste litt og så morra til Esra selvfølgelig spørret om kunne ikke vi gå på senteret for hun, og etterpå henne sa til Esra hun skal lære oss tyrkisk fingerbørek, så vi gikk ned til senteret og kjøpte bleier og tomater. På veien vi selvfølgelig møtte Dardan-gjengen, som jeg sverger er limt inni veggen til senteret for alltid de er der, men jeg og Esra ignorerte og ikke tenkte å hilse og Ibra bare: Skal dere på butikken igjen, og jeg og Esra fremdeles ignorerte, og så han ropte etter etter oss: feite jævler, morraknuller og pænjod, og Esra ble heftig pissed, jeg junne se, for alltid det kommer rynke i panna huns, og hun bare: når du møter flodhestene i Somalia Ibra, de synger «we are family»!!! og Ibra ble helt stille, nesten det så ut som han ble såra, for ikke han svarte, wollah det aldri har skjedd før, så vi gikk hjem igjen med stolteste hodene som Napoleon og lærte tyrkisk fingerbørek.
Er det ikkje fint?
Alle utlendinger har lukka gardiner er, saman med Et norsk hus, den mest interessante boka eg har lese
hittil i 2015. Eg har trua.
PS. No har eg også gitt niesa mi på 14, halvt latino som residerer på Trosterud, boka og bede ho lese henne i ein fei. Hennar ti øre, om ho har, får vi når ho er ferdig å lese.
PS. No har eg også gitt niesa mi på 14, halvt latino som residerer på Trosterud, boka og bede ho lese henne i ein fei. Hennar ti øre, om ho har, får vi når ho er ferdig å lese.