Av og til får eg lyst til
å sende e-post til Vigdis Hjorth og fortelje henne kor utruleg flink ho er til å
skrive. (Og kor morosam, pen og kul ho verkar også). Eg har aldri gjort det for
eg går utifrå at ho er klar over det sjølv. Og at ho får ein del e-post.
I år har eg blant anna
lese Leve posthornet! (først) og Drama med Hilde (etterpå). Heile 25 år
skil dei to bøkene, og då eg las Drama
med Hilde vart eg imponert over kor sikker Vigdis Hjorth er i språket sitt
så tidleg i forfattarskapen. Kor morosam ho er. Nesten spydig. Det likar eg. Kanskje
er det teit å tenkje slik, kanskje nedvurderer eg forfattaren, men det var no
det eg tenkte i alle fall. Ja, eg ser at språket har utvikla seg, eg får ei
kjensle av at Leve posthornet! har
større ambisjonar på eigne vegne og tek laust i og med større bokstavar. Det er
kanskje like teit å få ei kjensle av at den eine har større ambisjonar enn den
andre, for eg tvilar ikkje på at Vigdis Hjorth hadde ambisjonar i 1987 også,
hadde ho ikkje hatt det hadde ho ikkje skrive så mange gode romanar. Det
er vel kanskje akkurat det at når ein har skrive så mykje og så godt som Vigdis
Hjorth så må ein rett og slett kline til.
Dette er altså ikkje ei analyse av ein roman av Vigdis Hjorth eller forfattarskapen hennar, men rett og slett eit uttrykk for begeistring. Eg er over middels begeistra for Vigdis Hjorth! Og eg gler meg til å lese Et norsk hus.
Då har eg slått fast at Vigdis Hjorth er skikkeleg god til å skrive, morosam, pen og kul. Ikkje nok med det, ho er klok også. Sjå berre her!
Dette er altså ikkje ei analyse av ein roman av Vigdis Hjorth eller forfattarskapen hennar, men rett og slett eit uttrykk for begeistring. Eg er over middels begeistra for Vigdis Hjorth! Og eg gler meg til å lese Et norsk hus.
Då har eg slått fast at Vigdis Hjorth er skikkeleg god til å skrive, morosam, pen og kul. Ikkje nok med det, ho er klok også. Sjå berre her!
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettEg sletta innlegget fordi eg oppdaga ein skrivefeil, men her kjem det på nytt: Heilt einig! Eg har lese veldig mykje av Hjorth, og likar sjølvsagt alle bøkene. Favorittane mine er nok Hjulskift og 30 dager i Sandefjord. Men det må seiast at eg ikkje er så altfor begeistra over nokre av dei (mellom anna Fransk åpning). Eg held på med Et norsk hus no, og likar boka kjempegodt (sjølvsagt). Og ein annan ting; Du er også morosam, pen og kul. ps. Eg greier ikkje å få til kursiv og slikt fancy når eg skriv kommentar.
SvarSlettHar du lese Om bare også? Den står nest på lista mi etter Et norsk hus.
SvarSlettPS. Då eg først posta innlegget hadde eg skrive etternamnet hennar feil. Gjennomgåande. Hjort. Eg berre eeelskar Vigdis Hjort, as, men eg kan ikkje stave namnet hennar.
Eg har lese Om bare ja. Good bok! Trur det og er ein av favorittane.
SvarSlettKan ikkje du lese og blogge om "Undis Brekke" og/eller ei av Aina Basso sine? Gjerne "Finne ly". Det hadde vore interessant å sjå kva du meiner om desse bøkene.
SvarSlett"Undis Brekke" står på leselista mi, så det vil eg gjerne. Takk for tips! Eg likte godt "Vente, blinke...", så eg trur dette blir stas. Kva tykte du sjølv?
SvarSlett