onsdag 29. oktober 2014

Kven her vil vere Hugo Rask?

Egenmäktigt förfarande – en roman om kärlek
av Lena Andersson

Eg er ikkje Hugo Rask. Eg har nokre gongar vore Ester Nilsson.

Ester Nilsson får i oppdrag å halde eit foredrag om kunstnaren Hugo Rask. Dei let seg fascinere av kvarandre og innleier etter kvart eit kortvarig forhold. Ester er heilt klart mykje meir begeistra for Hugo enn han er for henne, og der han verkar å sjå på møta deira som eit tidsfordriv, bittelitt hekking, er møta for henne starten på eit seriøst kjærleiksforhold. 

Eg likar å tru eg er kjempegod i svensk fordi eg er så språkmektig heilt utan å kunne særleg mange språk, eg har jo fulgt ei rekkje svenske motebloggarar dei siste åra. Eg har kjempekoll på Puss och Kram-brallor, kavajer og taita jiiiiins. Eg kan også hugse ei pensumbok frå litteraturvitskapen, Litteraturen i världen, og for nokre månadar sidan las eg ein annan svensk roman (som eg også likte godt!), Dubbelexponering av Suzanna Dilber.

Egenmäktigt förfarande – en roman om kärlek er ei veldig god bok, og det er slett ikkje Lena Andersson sin feil at lesinga har gått litt trått for meg. Eg er ikkje så god i svensk som eg trudde. Ein annan grunn til at det går litt trått er at eg, før eg har fått lese meg inn i flyten, får eit veldig behov for å lese høgt for meg sjølv på ein slags skånedialekt. Dette trass i at handlinga går føre seg i Stockholm, og eg har nettopp lært at sånn spjåkevensk som Stockholmare-bratsa snakkar blir omtala som noll-åtta.

Eg tykkjer eg har lese om lag to-tredjedelar av boka før Ester blir så pinleg som eg var førespegla at ho skulle bli. Eller, Ester går jo faktisk frå sambuaren sin før ho i det heile teke har vore bortpå Hugo Rask, og eg har ei kjensle av at ho kanskje ikkje hadde gjort det om ikkje Hugo hadde dukka opp. Eller hadde ho gjort det uansett? Sambuarforholdet blir skildra ved at det nesten ikkje blir skildra, og sambuaren er meir ei skugge enn ein sambuar. Når ho avsluttar det, kjennes det for meg meir ut som ho riv av eit plaster. Ester er forelska lenge før dei har gjort særleg anna enn å handhelse på kvarandre.  

Først er det eit par sms som får meg til å tenkje på alle dei gongane eg har brukt kjempelang tid på å forfatte vittige, intelligente og sjarmerande smsar som skal verke spontane slik at eg verkar som omlag verdas beste person å bli kjærast med. Eg er jo berre så vittig, intelligent og sjarmerande. Men så er det jo ofte slik at slikt skin gjennom til mottakaren som desperasjon. Eg har jo sjølv motteke slike tilfeldige meldingar og tenkt at «denne har du jobba med, du!». Hugo har ei pubertal tilnærming til det å avslutte eit forhold, og svarer ikkje på tekstmeldingar heller enn å vere tydeleg, og då blir det lange e-postar i staden for Ester vil gjerne forklare kva ho kjenner og kvifor ho kjenner det slik. Det blir også nokre spaserturar forbi galleriet og leilegheita til Hugo. Så blir det berre meir av det meste.
Mykje av det pinlege i romanen er nesten underkommunisert, alt er ikkje så tydeleg flautt. Slapstick er heldigvis fråverande, og hadde heller ikkje vore særleg kledeleg for måten Lena Andersson formulerer seg på.

Noko av det eg (diverre) kan kjenne meg att i, er at Ester relativt raskt skjønar at Hugo ikkje er interessert i henne slik ho er i han. Likevel let ho stadig fornufta fare og klamrar seg til eitkvart halmstrå - han eigentleg føler det same. Ester håpar. Og Ester ser etter, og finn, teikn.

Av allt han kunde ha sagt var detta det sämsta, eftersom allt som existerar vill leva och hoppet inte är ett undantag. Det är ett skadedjur. Det äter och frodas på de oskyldigaste av vävnader.

Ein annan ting eg også fann ekstra interessant er måten Hugo Rask dreg Ester Nilsson inn att til seg i det han skjønar at ho moglegvis er på veg bort frå han.

Den älskandes enda vapen är att sluta älska. Hur kladdig och kvävande kärleken än har upplevts hos mottagaren skaver det att mista den, också när denne aldrig velat ha den.

Og eg vil tru Ester eigentleg ser dette hjå Hugo, men at ho likevel slepp inn håpet om at han kanskje elskar henne likevel:

- Jag ska in på Systemet, sa han. Följ med.
Hon tänkte: Det är nu man ska gå härifrån och inte se sig om.
Hon gick med til Systemet.

Min sympati ligg hjå Ester, samstundes merkar eg at ho irriterer meg. Kva er det ho tøvar med? Kva slags oppkonstruert problematikk er det ho veltar seg i? Kanskje er det å kjenne att sider ved meg sjølv som gjer at godheita eg føler eg burde kjenne for henne manglar? Eller er det fordi eg tykkjer ho er irriterande flink? Det er noko forstoppa ved henne. Ester viser ved eit høve til at ho har eit veldig behov for å ikkje kaste bort tid, ikkje bruke tida på unyttig tøys, og eg merkar at eg frydar meg litt over ironien i all den tida ho kastar bort på Hugo Rask.

Og ikkje kan eg forstå kvifor ho kastar vekk så mykje tid på akkurat han. Når eg ser føre meg Hugo Rask, ser eg ein litt kvapsete fyr som ber preg av å vere for mykje inne i galleriet sitt og for lite ute i sola. Ein uhorveleg sjølvoppteken og nokså barnsleg type som har sniffa for mykje måling saman med leiaren for entouragen sin, suregrisen Dragan Dragović. Smak litt på det namnet. Dragan. Eit ekte skurkenamn. Zlatan kan gå og leggje seg. Hugo og Dragan snakkar i det vide og det breie om seg sjølve og varmt om verdas despotar, mest sannsynleg fordi dei tykkjer dei sjølve er veldig spesielle menn som skil seg ut frå treigingane som ikkje ser genialiteten hjå Slobodan Milošević. Alt dette medan dei har på kunstnargensaren - ein høghalsa, svart pologenser. 

Det er ingen her eg heiar på, men det fine er at eg treng ikkje heie på nokon heller. Lena Andersson held på meg ved å skrive klokt og vakkert om kor dustete og små vi menneske kan vere når vi kjenner for mykje for feil person. Og kor dustete og pubertale nokre av oss er i møte med folk som likar oss meir enn vi likar dei. Eg ler aldri høgt medan eg les, det er meir ei indre humring. Det er kanskje fordi sjølv om eg tykkjer Ester er irriterande, har eg ikkje lyst til å le av henne heller. Det er ikkje ho som er idioten.

Til sist: Sjølv om Hugo Rask for meg verkar som ein keisam og fjollete fyr, er det faktisk folk som står fram og hevdar at det er nettopp dei Hugo Rask er modellert over:


(Roy Andersson seier blant anna: – Jag blev lätt chockad först, det var obehagligt. Jag hade aldrig kunnat föreställa mig att hon skulle skriva om det. Jag hade inte uppfattat att relationen var så allvarlig. Dette er jo Hugo Rask!)





Människorna är ju skapade för att plåga varandra.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar